Reisebrev frå Etiopia 2018

Mitt navn er Victoria Tverli Dale 26 år og er i frå Fusa kommune. Eg arbeider som dagleg leiar i frå Fusa frivilligsentral og har aldri vore i Etiopia før! Frivilligsentralen driv ein bruktbutikk med navnet Bruktbuo. Bruktbuo blir drevet av frivillige. Det me sitt igjen med av overskot gjer me til to formål, halvparten går til Barne -og ungdomsarbeidet til Fusa sokneråd, og den andre halvdelen til Childres burn & wound care foundarion. Det utgjer cirka ei støtte på 60.000 i året til kvart av formåla. I tillegg til å ta i mot og selgje brukte varer i butikken gjer dei frivillige også andre ting. Blant anna stikka strikketøy til eit sjukehus i Ginir i Etiopia, er med å arrangerer Walk and run i samarbeid med Fusa Sokn, samt syr og strikker gevinstar frå restegarn/halvferdig håndarbeid slik at me kan lage basar til inntekt til CBWCF. I fjor var første gang me arrangerte basar, og då fekk me inn heile 90.000 kroner, noko me i Bruktbuo er veldig stolte av å ha fått til i "vetle" Fusa. Me er no i desse dagar på tur til Etiopia med Fusa sokneråd, me er heldige å ha med oss tidlegare misjonærar Jorunn og Osvald Hindenes som turleiarar. Dei har god kjennskap til både folket, språket og kulturen i Etiopia. Me skal reise rundt å sjå oss om i Addis Abeba, og deretter reise videre sørover heilt ned til Hagere Maryam. Der skal me få sjå den nye brannskadde avdelinga som Dr. Einar Eriksen og CBWCF har stått i spissen for å få til. Eg gler meg til å få sjå med eigne auge kva me er med å støttar ,samt få kjenne Etiopialivet på kroppen!

Ps. Før du byrjar å lese vil eg at du skal ta forhold om at dette er skreve på mobiltelefonen på ein humpeteveg i Etiopia. Så venligst sjå bort frå skrivefeil. 

God lesing :-) 

Dag 1: Velkommen til Addis Abeba! Spenning, trøtthet, nye lukter og inntrykk! 

Ein spent, trøtt men livlig gjeng landar i Etiopia og stig utav flyet. Ein lukt av brend røyk og krydder møter oss. Utanfor flyplassen omfavner ein mann med roser vår reiseleder Osvald Hindenes. Han heiter Eyobe og skal vere vår bussjåfør. På eit lasteplan stabler dei alle koffertane våre, der ein mann sitt oppå å passar på. Gion hotell heiter hotellet me er innlosjert på. Det ligg midt i Addis Ababa, er eit stort hotell med flott hage, og er næraste nabo til keiser palasset. Klokka er berre halv 9 om morgonen så me begynner dagen med ein frokost og kvil. Etter lunsj tek me ut i denne ukjente "verda". Første stopp er sjukehuset med navnet Yekstit 12 hospital. Anders Holmefjord som er ein av reisefølge har vore med å starta opp ein klinikk her for åpen gane, spalte og logoped behandling. Her fekk me omvisning, og fekk sjå alt det gode arbeidet dei gjer her. Dei behandler/følger opp pasienter her heilt i frå dei kjem inn med sjukdommen sin til dei er frisk og kan prate igjen. Sidan forrige Etiopiatur med Fusa sokneråd er det opna ein ny og stor del som høyrer til sjukehuset. Dette lovar bra for framtida! Me har med mykje bamsar i frå Fusa ungdomsskule med oss, i frå eit prosjekt kalla Teddyekspressen, desse skal me gje til brannskadde born. Me fekk vite at på dette sjukehuset har Dr. Einar Eriksen vore med å å starta opp ein brannskadd avdeling. Eg var ein av tre heldige som fekk vere med inn å avlevere bamser til borna på denne avdelinga. Me blei kledd opp i blå frakkar og plast på beina for ikkje å dra med oss så mykje bakterier inn. Ein imøtekommande sykepleier med eit stor smil om munnen fulgte oss innpå avdelinga. Der var det 7 barn, med foreldra ved si side. Ein liten gutt på ca. 6 år kom springande mot oss og helsa på oss. Dei andre i rommet såg på oss, smilte og sa hei. Eg opna posen å byrja å dele ut ein bamse til denne nysgjerrige gutten på 6 år, han lyst opp då han såg kva me hadde med. Dei andre borna, men også foreldra av utrulig glade og takksame for det me kom med. Ei jente som låg på ei sjukeseng, smilte frå øyre til øyre då eg gav ho ein kvit bamse med eit rødt hjerte der det stor "i love you" på. Me var også innom vaksenavdelinga. Der sa me hei og fortalde at me var på besøk i frå Norge. Dei fleste der var smilande og imøtekommende. Pasientane hadde vore her i nokre få dagar til mange veker. Nokre av dei me prata med var glad for at dei fekk hjelp og kunne bli frisk igjen. Det såg ikkje ut som at dei hadde det så vondt no. Sjukehuset her er ikkje så ulikt eit litt gamalt sykehus heime, men samtidig var fasilitetene/utstyret slitt og gammalt. I gangen på veg ut i frå avdeling møtte me igjen to av borna, dei var allerede begynt å leika med bamsane sine. Heile ansiktet deira smila mot oss saman med eit vink. Ein god følende gjekk gjennom heile kroppen på veg ut i frå Yekatit 12 hospital. 

Neste stopp var den ortodokse kyrkja St. George. Uten for kyrkja såg me folk i alle aldrar og helsetilstander, nokre var oppdressa i dress mens andre låg i utslått i skitne klær på asfalten. Uansett tilstand kom dei bort til kyrkja, la seg ned på kne og kyssa døra. Me var heldige å fekk gå innanfor døra og fekk ei omvising i kyrkja. Utan å måtte kysse døra vel og merke. Ei rund kyrkje med fleire rom, og med mykje bildemalerier. Inne i det første rommet fekk me informasjon frå ein lokal prest som Osvald og Jorunn kjente godt til. Han viste oss også ein tradisjon i den ortodokse kyrkja som var trommespel og sang. Dette skapte liv og stemning, og til og med presten i frå Fusa heiv seg utpå å fekk prøve trommespel. Hadde han lagt seg i  hard trening så kunne han kanskje kjøpt ei tromme å byrja med det i kyrkja heime. 


Me fekk virkelig sjå kontrastane når me tok turen innom Sheraton hotell på veg tilbake. Eit storslått, majestetisk og praktfullt hotell, der dei ikkje har spara på noko. Her var fontener, badebasseng og ein frodig hage, berre for å nemne noko. Her ser me verkeleg at Etiopia er eit land med store kontraster mellom rik og fattig. 

Me avslutta dagen på ein Kina restaurant rett utanfor hotellet. På veg til og frå restauranten gjekk me i grupper på fem personer, dette for at ingen skal bli utsatt for ubehagelege hendelsar. Det gjekk heldigvis fint med alle.


Dag 2: Tettare på Misjonærlivet, og det verkelege Afrikalivet! 

Utkvit og klar for nye opplevelser setter gruppa på 34 personer seg i bussane. Midt i Addis er første stopp i dag. Dette er den første Mekane Jesus kyrkja som blei bygga i Addis, og dette allereie i 1904. Det er ganske lenge siden med tanke på at Addis i utgangspunktet ikkje er ein så gamal by (bygd i 1886). Der møtte med ein svensk misjonær med namnet Paul Persson. Det som er litt spesielt er at han er onkelen til ei dame som er med i reisefølge. Denne dama har sjølv vakse opp som misjonærborn i Etiopia. Han gav oss ei omvisning i kyrkja og fortel at det var den svenske misjonen som bygde opp denne kyrkja. Rundt kyrkja er det eit lite miljø av små koselege hus, ein skule, menighetshus og ein liten byggeplass. Han fortel at her budde foreldra hans i ein heil periode. Under krigen blei dei andre Mecane Jesus Kyrkjene i Addis stengd, men ikkje denne. Dette blei dermed ein samlingsplass. Me fekk også sjå inni ei skuleklasse her, borna hadde blå fine uniformer, og eg må innrømme at dei var mest glade skuleelevane eg nokon gong har sett. Dei smilte, sang, vinka og helsa på oss. 

Rett utanfor på byggeplassen som eg nevnte ovenfor var det som å gå tilbake 100 år i tid. Der bar dei betong og hogga stein for hånd. Her var også damene i arbeid, dei gjekk rundt i små "flippflopp sko", altså dårleg med vernesko og HMS. 

Vidare kjørte me opp til Entotto, det er den svenske misjonen. Det var her ei av damene i vårt reisefølge har budd storedelar av oppveksten sin. Dette var som ein liten grøn oase å kome inn i, med små koselege bygningar rundt desse grønne plantene. Her fekk me kome inn til Paul og kona hans Eva Karin, dei bydde opp på "Tika" (kaffi, brus, bollar og kaker). Dei fortalde om livet sitt som misjonærar i Etiopia. Spennande og interessant å høyre om alt dei måtte "ofre" heime i Sverige for å kome til Etiopia å forkynne om Gud. Etter tikaen vandra me ein tur oppå markedet Shiro Meda, her var det mykje klede og tøy som blei seld. Spesielt ein ting det var mykje av var dei kvite nasjonaldraktene til Etiopierne. Her var det mange folk som ville selge oss alt frå frukt i tretrillebårer til smykker og skjerf. 

 Etter at me hadde fått kjøpt med oss nokre suvenirar reiste me vidare til NLM sin hovedbase i Addis. Her kom me inn i enda ein ny oase, her var det leikeapparater til born, blomar av alle slag, til og med blomsten julestjerne var å finne. Her var det diska opp til lunsj, her fekk me servert injera og wott som er Etiopias nasjonalrett. Dette er ei lefse der ei blandar oppi ulik gryter/sauser. Dette var ei ny og spennande smaksoppleving, kanskje litt i det sterkaste laget for min del.   Men dette falt i smak hos mange. 

I bruktbutikken vår Bruktbuo i Fusa har me eit strikkeprosjekt der me støttar eit sjukehus i Ginir. Restegarn som kjem inn i butikken blir strikka og laga om til flotte tepper og babyklær. Me hadde no pakka med oss ein heil ladning av strikketøy, heile 41 tepper og over 40 plagg med babyklær. Dette leverte me i frå oss hos NLM, for ei norsk jordmor som arbeider på eit sjukehuset skal ta dei med seg. På dette sjukehuset har dei barneheim og fødeavdeling, og her blir det født mange premature born. Dette strikketøyet kjem derfor godt med på dette sjukehuset. 

Me reiste så vidare til det eg vil påstå har gjort mest inntrykk på meg til no. Me køyrde ei lang stund, og veien blei berre smalare og meir humpete. Me køyrde på plassar der ein ikkje skulle tru at det gjekk an å kome seg fram på andre måtar enn med beina eller på ein hesterygg. Men der kom minibussane seg fram. Det var skur som skulle forestille hus, dyr av alle slag, mennesker i alle aldrar og med ulike helseproblemer. Når me 34 nordmenn kom innimellom denne tilstanden som eg ville forbudne med eit sirkus fekk me mange blikk og folk som peika på oss. Eg følte me blei som ein attraksjon der me satt inne bussen, det var tydeligvis ikkje alle som hadde sett ein så kvit person før.

Etter langt om lenge, langt inni i ei gate som eg aldri hadde funne tilbake til stoppa me og gjekk inn på eit potteri med navnet: Kechene Womens Pottery Co. Her var det fin kjermikk i alle fasonger. Og eg må sei heilt ærlig at eg blei reve med, så eg kom ut igjen med meir enn kva eg egentlig har plass til i kofferten. Me blei ståande ei stund utanfor å venta på at alle skulle få gjere seg ferdig, då la me merke til nokre damer lengre borte i gata som brente denne keramikken. Dei blei ståande i ei voldsom røyk, rundt der sprang det også små barn å leikte. Landskapet var formet som åser, så det var lett å sjå alle husa, eller rettare sagt skura. I frå dei skura kom det ein kraftig røyk ut, så heile området lukta det brent og det låg ein grå røyk over skura. Eg tok til å tenke på dei brannskadde borna, det er ikkje rart ulykker skjer når det er slik det bur og ha det. På veg tilbake til hotellet kom det også ein sterk tanke i hovudet mitt, "tenkt at her bur dei til dagen, det er faktisk her dei veks opp. Saman med dyr og tusenvis av andre mennesker tett i tett, og ingen innlagt vatn eller kloakk". Kontrasten i frå våre store og flotte hus heime i Norge blei plutselig stor, mykje større enn det eg trudde den kom til å bli. Heile veien tilbake til hotellet satt eg med denne tanken og følelsen av ein klump i magen, denne følelsen var ikkje kjekk!

Dag 3: Reisa sørover mot Hawassa. Dyr midt i vegen med små born som gjetarar!

I dag var det avreise i frå hotellet, me skal vidare sørover. Dr. Einar Eriksen og Amberra (ein av dei tilsette i CBWCF)  var innom hotellet å helste på oss før avreise. Einar skal reise før oss nedover til Hagere Maryam og ta i mot oss når me kjem ned der. Heime i frå Fusa har me med oss ein del sengeklær, nokre av dei blei avlevert til Einar då han skulle bringe det vidare til dame som benyttar stoffet til å sy ting, og deretter sel det vidare. Denne dama var ein av dei første pasientane til Einar. Einar har transplantert eine tåa hennar til å bli ein tommel. På denne måten klara ho og sy og dermed får inn pengar til å overleve.  

Amberra skal vere med reisefølgje heile veien . Denne dagen har gått i mykje køyring, men likevel står inntrykka i kø. Det var kjekt å kome seg utav eksoslagte gater i Addis, og meir ut i bygda og sjå den flotte naturen. Heilt sidan eg var liten har eg drøymd om å reise til Afrika å sjå store "savanner" og den flotte naturen som landet har å by på. Eg trur denne inspirasjonen kjem i frå storfilmen "løvens konge" som var ein av favorittane mine då eg var liten (eller kanskje fortsatt). Det tok ikkje lange tida før landskapet opna seg, slettene kom fram og du såg skyggen av dei høge fjella i bakgrunnen. Til lengre sør me køyrde til dårlegare vart veiane, og til meir dyr og folk gjekk det midt i vegen. Det som eg trur sette mest inntrykk i dag var kven som gjette desse dyra. Stor sett var det born, heilt nede i 2 års aldren, og ikkje høgare opp enn til 10 år. Dei hadde store flokkar med kyr, sauer, geiter og esler. I nokre tilfeller stod dei oppå ei trevogn som blei dratt av eit esel eller to. Der dei piska eselet for at det skulle gå raskare.

 Langs landevegen såg eg også fleire born gå heilt aleine, dei var ikkje meir enn 2-3 år. Då tenkte eg med meg sjølv, veit dei kvar heim er , og kvar er foreldra deira. Stakkars liten!

Me stoppa og hadde pause på ved vakre Laganosjøen, ved idylliske Sabana Lodge. Ein forseggjort og vakker plass like ved ein av dei få innsjøene det er mulig å bade i, i Afrika. I hagen her var me også heldige å fekk møte på fleire skilpadder, det er ikkje eit kvardagssyn for oss frå Fusa.  Her var også kontrasten stor, like utenfor porten stod det små born langs grusvegen. Dei tigga ikkje etter penger, her tigga dei etter mat. På dei bare beina dansa dei og sprang dei etter bussen i håp om å få noko. Det føltes ikkje rett å måtte oversjå desse sikkert svoltne borna.

Turen nedover til Hawassa tok lengre tid enn eg hadde sett for meg. Dette kan nok skyldast hullete/humpete vei, bilar, lastebiler, dyr og folk som går midt i vegen. Måten å kome seg fram på vegen i dette landet er å presse seg fram og bruke fløyta på bilen mest. Her høyrer ein konstant eit "tuuut"!

Det fascinerer meg at uansett kor langt ute på "landet" me er, er det alltid dyr og folk å sjå langs vegen. Jenter som bærer gule vanndunker i eit sjal på ryggen, hestetaxier og mykje esler. Inni mellom står det også plutseleg ein gamla og utslitt hest midt i vegen mens bilane passerer på begge sider. Ein anna ting det er mykje av på vegane er små blå tuktuk bilar på tre hjul i frå Asia som dei her kallar for Badja/Bajaj. Dei kjem seg tydeligvis fram over alt, og kan ligge som ein bil nummer 3 i bredden der det i utgangspunktet berre er plass til 2. På vegen nedover ser me også mykje skur, jordhus og hytter som befolkninga bur i. Det er også ein del tomme hus, som er begynt å bygd på, men dei ikkje er blitt ferdig med. Ser ut som eit grått betong spøkelseshus, desse såg me også mykje i og rundt Addis by. Ein anna plass me køyrer forbi bygger og utvider dei, her flytter folk til for her er det arbeidsplassar fortel Osvald. Rett ved siden av vegen her ligg eit utruleg stort og langstrakt rosegartneri. Dette skapar nok mange arbeidsplassar, for dei fleste rosene me har heime i Norge kjem nemleg i frå Etiopia.

Det byrja å mørkne og me er endeleg framme i Etiopias nest største by Hawassa. Me sjekkar ein på eit koseleg hotell med namnet Lewi resort som ligg heilt nede ved vatnet. Så no gler eg meg til å stå opp i morgon å sjå korleis det ser ut i dagslys. Har forresten også høyrd rykter om at det er apekattar her.  

Dag 4: Gudsteneste, safari og heimebesøk! 

Natta til i dag har vore prega av ein sterk lyd syrrelyd frå eit dyr utan i frå eg trur må vere gresshopper. Samtidig som at eg har lagt å fundert på om eg bør ligge med malaria myggnett over meg eller ikkje?

I dag våkna eg av mykje bråk på taket, den første tanken som slo meg var at det tordna. Etter ei lita stund hørte eg eit apehyl, og då var spørsmålet løyst. Eg tok på meg ein lang blomstrete kjole, for me har fått beskjed om å kle oss fint i dag, då me skal på søndags gudstjeneste i den lokale kyrkja.

Etter ein deilig frokost heilt nede ved vakre Hawassasjøen sette me oss i minibussane.  Kyrkja me kom til var ny og stor, då dei bygga den hadde dei hatt Noahs ark som modell, og det var enkelt å sjå. I følge Osvald kunne denne kyrkja romme 3000 personar. Inne i lokalet er det mykje folk i alle aldrar, men kanskje aller mest unge. Kyrkja ser ikkje ut som ei typisk norsk kyrkje. Denne kyrkja er veldig enkel innvendig, ingen utsmykkingar, men er lys og fin.  Det er kyrkjebeker/stoler, preikestol og eit stort kors på veggen. Det er ingen bilder av Jesus eller i frå bibelen. Ein kan ikkje skjønne mykje av det som blir sagt eller sunge, men ordet Jesus går ofte igjen. Den største forskjellen på ei gudsteneste heime og ei gudsteneste her er at mange personane som snakkar er høglydte, og det er ei verkeleg levande forsamling som er med. Folk her reiser seg, klappar, dansar og synger.

Ei stund ut i gudstenesta slår "presten" over til Englesk, han fortel at det er folk i frå Norge med på gudstenesta og ber oss om å reise oss opp. Ein kan sjå i augena på dei innfødde at dei syns dette er spesielt og flott. Etter ei lita stund blir Osvald og presten i frå Fusa Einar Ekerhovd bedt opp til preikestolen. Folk klapper og ler av dei dei to seier. Etter dagens preike seier heile forsamlinga ein bøn som høyres ut som "fader vår".

Rett utanfor kyrkja står det mange born som finn oss interessant. Eg kjem i kontakt med tre born som er i alderen 8-10 år. Dei er overraskande flink i engelsk så me utvekslar fleire setningar.

Etter lunsj reiser me ut i byen og inn i eit nabolag. Her bur Marta på ca.80 år saman med familien sin. Osvald og Jorunn kjenner Marta i frå dei sjølv budde i Hawassa. Inn mellom bølgeblekken opner ein liten bakgård seg. Golva er av jord, eit avokadotre sprer seg utover plassen mellom nokre fargerike murhus. Her har dei eit lite stur med overtak der dei har ein injeraovn (lefseovn) ståande. Det er stor stas at me kjem på besøk, me set oss inntil murhusveggane og bli servert kaffi og popcorn. Ein liten usjenert gutt på ca. 3 år spring mellom oss å syns me er interessante. Me syns denne guten i den  gule og litt skitten t-skjorta er sjarmerande og tek dermed fleire bilder av han. Her har dei heldigvis litt strøm og vaten på ein kran som kjem opp i frå bakken. Me får vite at dattera til Marta driv veldedig arbeid i kyrkjelyden med å samle inn pengar frå rike, og kjøpe mat til dei fattige. Ein salgs Robin Hood teneste. Før me går der i frå har me ein innsamling frå reisefølge, der halvparten skal gå til familien til Marta og halvparten til det veldedige arbeidet i kyrkjelyden.


Om ettermiddagen dela me oss. Nokre reiste til "ferieplassen", det var der misjonærarbeidarane pleidde å reise på ferie når dei ikkje hadde lang nok ferie til å reise heim til Norge. Me andre reiste ut i båt på flodhestsafari. Me var heldige å fekk sjå opp til seks av desse eksotiske dyra. Safarien gjekk heldigvis bra med tanke på at flodhesten er det dyret i verden som drep flest mennesker. Det er også ein safari i seg sjølv å bu på det hotellet me gjer, der kryr det av apekatter, både vaksne og babyer.

Osvald og Jorunn adopterte ei lita jente når dei budde i Etiopia. Denne jenta er no blitt vaksen og har to gutar. Me var så heldige å fekk kome på besøk til ho her i Hawassa. Ho budde i eit fint og alminneleg hus, med betongvegger, og med ein liten hage utforbi. Denne dama hadde fått hjelp av nokre venninner og hadde diska opp med wott og injera (nasjonalretten) til heile gjengen på 34 stykk. Nokre sat ute og andre satt på kvar sin stol inntil veggen i stova for at det skulle bli plass til alle.

Det blei likevel ei sosial og god stund med fortellinger, sang og bilder.


Dag 5: "Når klokka slang, så fort vi sprang", jordhytter og hyener.

I dag var me tidlig oppe å klar for å besøke Tabor evangelical college. Klokka slo 08.00 og utanfor hovedbygget møtte mange hundre elever opp. Nokon i blå uniform, nokon i grøn og nokon utan. Dei gav oss mange blikk, dei lura nok på kva me gjorde der ein måndagsmorgon i oktober. Ein mann  i frå ledelsen holdt ein tale og les opp eit vers i frå bibelen. Etterkvart begynte han å nevne at me i frå Norge var her på besøk i dag og at dei ville starte 50-års jubileumet sitt i dag sidan me var på besøk (dei skal ha jubileums markering om ca. 2 veker). Tabor er ein skule som meinigheita i Fusa har vore med å støtta. Både i form av enkelt studentar men også skulen generelt. Me starta med å få ei omvising rundt på skulen. Me var heldige å få gå inn i to klassar å ha ein samtale med elevane. Klasseromma var i utgangspunkten lik som våre i Norge. Den største forskjellen var at dei cirka var 70 personer inne i eit klasserom mens me er maks 20-30. Dei hadde ellers veldig enkle fasilitetar. Dei hadde ulike laboratorium og datarom, men med få og gamalt utstyr. Ein ting eg synast var litt genialt, var at ute på skuleveggane var det mala ulike motiv i frå ulike fag. Eksempelvis der dei hadde historie var det bilde av eit historiske kyrkjer i nord Etiopia. På kjemi/fysikk bygget var det periodiske systemet teikna. Det gjer at dei heile tida på blir minna på det, og lærer om det ubevisst. Borte ved college avdelinga var det også kollektiv/soverom det studentar langt vekke i frå kunne bu. Der det eine huset/kollektive er det Fusa som har finansiert. 

Etter ei felles bønnesamling, blei me invitert opp til lærarane på jubileumslunsj. 

I eit lite utehus på plenen bak hovedbygget fekk me servert kaffi, kake og kaffi.  Rektor ved skulen tala og skraut over det flotte samarbeidet ein har fått til. Osvald kom med helsing, det same gjorde kyrkjeverja i Fusa, han kom også med ei pengegåve på 10.000. Me fekk også helsa på dei to flinke elevane som Fusa støttar. 


 Etter den gode og saftige kaka bar det heim igjen til lunsj på hotellet. På veg ut i frå skulen la eg merke til eit skilt med sitat i frå Aristoteles eg syns var så flott, det lød slik " the roots of eduication are bitter, but the fruit is Sweet". Ein flott kvardags motivasjon i all strevet. 

Me satt oss i bussane å byrja fortsettelsen på reisa sørover, og neste stopp er Yirgalem. Ikkje så lenge etter Hawasa stoppa me  langs vegen. Osvald forsvann utav bilen og bort til nokre jordhytter. Han kom tilbake og meddela at me kunne få kome bort å sjå då han kjende nokon av dei som budde der. Bak ein liten jordhug kom me til ein grøn open plass der det låg 3-4 jordhytter, med torv på taket. Dei var runde og hadde ingen vindu eller skorstein på taket. Me fekk lov å kome inn i den eine hytta, innvendig var den dela i to, med ei skillevegg som var cirka ein meter høg. På den eine sida av skilleveggen var det ei stor ku, på den andre sida var det eit lite lager for ved, ei seng og ei lita gruve framfor senga. Heilt bak i hytta var det eit lite rom, kanskje eit soverom til tenkte eg, men det var det ikkje. For plutseleg hoppa det ein kalv utifrå dette rommet, og ikkje lenge etter kom ei dame og jaga den inn igjen. Utenfor jordhytta var det no byrja å samla seg mykje folk. Alle som budde rundt der ville nok bort å sjå på desse kvite nordmenna. Nokre av dei innfødde byrja å tigge etter pengar. Ei av damene i vårt reisefølgje gav ho eine dama 50 birr (ca.15 norske kroner). Dette ville ikkje den innfødte dama ha, og gav dei tilbake irritert. Me byrja å gå tilbake til bussane, me merka då at dei innfødde byrja å bli meir påtrengande og tiggande, så me holdt godt på tinga vår. Det var godt og trygt å sette seg inn i bussen igjen då, men samstundes var det synd i folka som bur på denne måten,  så dette heimebesøket (florsbesøket?)  kjem eg nok aldri til å gløyme. 

Eit lite stykke før me nådde Yirgalem stoppa me utanfor ei kyrkje med namnet Awada. Denne er for mange Fusingar kjend, då  Fusa samfunnet har vore med å samla inn 250.000 kroner for å bygge opp denne kyrkja. På veg opp til kyrkja var det eit fint grønt området med hus, barnehage, kaffi og avokadotre rundt. Innvendig var kyrkja prega av betong, og framme var det eit stort kors som hang på veggen, likt som kyrkja i Hawasa. Her blei det gitt takk, helsingar til fusingane men også helsingar frå Fusa. Det blei blant anna overrekt ein pengesjekk. Meinghetsfolket i kyrkja meddela at dei hadde ynskje om å legge fliser på golvet og få litt maling på veggane, så dei takk for midlane me gav dei. Tilslutt song me nokre sangar. Sjølv om me berre var 30-40 personar i ei kyrkje som kan  romme over 1000 personar høyrdes det ut som at de var full kyrkje når me sang på grunn av akustikken. 

Halvveis ute i jungelen skal me bu, på nokre koselege trehytter. Dei liknar på jordhyttene me besøkte berre større og meir moderne. Kvelden blei tilbrakt her, med kaffisermoni og lokking på hyener. Eg var faktisk så heldig å fekk auge på to hyener. Eg ahr alltid lurt på korleis dei er i verkelegheita, og dei var mykje større enn eg hadde sett for meg. (Eller rettare sagt, enn eg har sett på Løvens konge filmen). 


Dag 6: Ute i «bushen»? 

Eg opna vindauget og blei møtt med frisk morgon dukk, sol og fulgesang då eg såg utover dei grønne åsane. Etter ein god frokost med pannekaker og fransktoast bar turen vidare sørover i landet. 

Eg nemne ein dag tidlegare at jo lengre sør me kjem jo dårlegare blir vegen, og slik er det fortsatt. Nokre plassar er det asfalt med  nokre huller i, mens andre plassar er det humpete jordveger. Dermed går det til tider veldig seint. Det gjer samstundes ikkje så mykje, for då får me tid til å sjå oss rundt og ta litt bilder. Det er urtulig grønt og frodig langs vegen. Her ser me alt frå bananar, kaffi og ananas. Det er også fasinerande å sjå på alle dei forskjellige husa og plassane dei bur på. Som regel består husa av jordveggar dekka av kumøk, enten  om husa er runde eller firkanta. Dette er typisk på landsbygda. Inne i landsbyane er det meir bølgjeblekk og murhus det går i. Me stoppar å et lunsj i ein liten by kalla Dilla. Osvald fortel når dei skulle lage ny vei i denne byen måtte nokre av husa vike. Då tok dei halve huset på kvar side, og lagde veg i midten. Innbyggjarane måtte sjølv stå for å fikse husa. Det såg dermed lenge heilt forferdeleg ut seier Osvald, og ein kan nokre plassar kan ein fortsatt sjå litt av desse husa. Eit lite stykke etter lunsj kom me til ein plass der det nettopp hadde regna. Her var bakken blitt til gjørme, og alt rundt om var skittent. Både dyra og folket. Ein såg ungar som sprang barbeint og leika i gjørma. Det er få bilar langs vegen. Det me ser er bussar, taxi (tuktuk), motorsyklar og dyr. Dei må ha bytta ut hesten med motorsykkelen, for ein plass me køyrde forbi såg me ein motorsykkel som frakta ein anna motorsykkel. Dei har også minst 3-5 personar med oppå motorsykkelen så lenge dei ikkje fraktar andre ting som høy og varer. 

 Etter langt om lenge nærma me oss Hagere Mariam. Den siste tida har det vore litt urolegheitar her mellom to folkegrupper. Det har derfor litt usikkerhet rundt om me kunne reise så langt sør. Denne urolegheita har også føra til at dei få hotella som er i byen er full booka av hjelpeorganisasjonar som Røde kors og leger utan grenser. Det var heldigvis eit ledig hotell til oss i byen, men ikkje av europeisk standard. På mitt rom var det ikkje lys på badet, toalettet lak, gulvet var skittent, vasken var tett og det var ikkje verken såpe eller handuk. Dette var ingenting i forhold til andre sine rom der det kom vatten ned i frå taket , doen var ikkje mogleg å trekke ned i, og det var kakelakkar på soverommet. Ei lita stund etter ankomst samlast me i bussane igjen og reiste bort på ein restaurant. Her skulle me møte dr. Einar Eriksen. Då me kom bort der fekk me vite at det var skjedd  ei tragisk ulykke. Ein buss med 45 personar hadde kræsja med ein esel og velta. På taket hadde bussen hatt tankar med bensin, dette hadde anntent seg, så det var mange brannskadde, men også døde etter ulykka. Denne informasjonen gjekk kaldt nedover ryggen på meg. Me hadde jo sjølv såtte på ein buss heile dagen og køyrd sikk sakk gjennom esler og folk. Heldigvis var det no ein brannskadd avdeling i Hagrere Mariam som gjorde at dei kunne få hjelp. Då me var ferdige med middagen, kom Einar Eriksen innom. Han fortalde om denne tragiske ulykka og sa at det dessverre var mange som ikkje kunne reddast. Samstundes var det også nokon som fekk hjelp og kunne overleve takka vera sjukehuset med brannskade avdelinga. 

Dag 7: Magasjau.... og æresbevisning til Fusa

Denne dagen var denne eg hadde gleda meg mest til på heile turen. Då me i dag skal å besøke sjukehuset i Hagere Mariam, som Fusa har vore med å støtta. Den skulle dessverre ikkje bli slik eg hadde sett for meg. Dette då natta var prega av hyppige toallettbesøk med  mobilen i handa som lommelyst (då me ikkje har lys på do). Det irriterer meg at eg har blitt dårleg i magen, då eg sikker er den personen i gruppa som har vore mest forsiktig med maten og heller såtte og sulta litt enn å ta nokre sjansar. Heldigvis har me sjukepleiarar og dyrlege med oss på tur. Om morgonen fekk eg dermed i meg nokre antibiotika tablettar. Dei andre reiste opp på sjukehuset mens eg blei liggande igjen på dette «luksus rommet». Etter nokre timar byrja magen å komme seg, og do-besøka blei sjeldnare og sjeldnare. Osvald ordna dermed skyss for meg opp til sjukehuset. Det var då ein seremoni som foregjekk, der høge folk innan helsevesnet, stammeleiarar og til og med Etiopisk tv var på plass. Dei ville fortelje om det flotte arbeidet som blir utført på sjukehuset, og dette ein del takka vera Fusa samfunnet. Noko av det flottaste var ein Etiopisk lege som Einar Eriksen har lært opp. Han visa oss bilde av pasientar han har hatt og fått fiksa. Dette viser at Einar har klart å overlevert hans kunnskap vidare til Etioperne, og då tenkjer eg at dei er kome lang på veg. For det handler jo om at dei ein dag skal klare å stå på eigne bein og fungere optimalt som ein brannskade avdeling. Tilslutt var det stammelederane sin tur til å sei noko. Dei var alle menn som var pakka inn i kvite kjortler, med noko på hovudet og ein trestokk i handa. Dei takka dr. Eriksen for det flotte arbeidet og fusa folket for den økonomsike støtta. Dei ville deretter ha Einar, Amberra, Harald Geir (kyrkjeverja i Fusa) og MEG fram. Eg skvatt til, då dette var noko eg ikkje hadde sett for meg. Me blei alle på kledd Gudjifolket sin nasjonaldrakt. Då denne folkegruppa i området blir kalla Gudjier. Resten av reisefølgje fekk på seg kvar sitt smykke med bilde av Owadatreet som er deira symbol.  Dette var noko av det flottaste ærets beviset dei kunne gje oss. Det blei teke mykje bilder, og etterpå hadde me ein kaffisermoni. Det som blei litt spesielt var at stammeleiarane hadde eit eige rituale der ein skulle smørje inn hender og ansikt med kaffi og smør. I kaffien var det heile bønner som ein skulle tyggja og spytte ut igjen på golvet. Det me har fått vita i etterkant var at det har visst aldri før vore ein utanlandsk delegasjon så stor som vår på 34 i denne byen.   Etter lunsj måtte eg tilbake på hotellet å kvile meg litt. Dei andre i reisefølgje reiste opp igjen på sjukehuset, der dei dela ut bamsar til brannskadde born og fekk omvising på sjukehuset. Dei var også å besøkte misjonen der Osvald og Jorunn har budd   mens dei arbeide her nede. 


Eg klara helsigvis å vere med til middag, sjølv om eg ikkje fekk i meg så mykje mat. Einar Eriksen var med oss denne kvelden. To av medarbeidarane i frå Bruktbuo hadde ei munnleg helsing til Einar Eriksen der dei uttrykte glede og inspirasjon i å få støtte det flotte arbeidet han gjer i å hjelpe brannskadde og gav han deretter ei gåve på vegne av Fusa sokneråd. Einar fortalde litt om arbeidet i Etiopia. Han uttrykte at ting er mykje meir tungvint i dette landet. Berre det å ha ein standard på reinhald og å få tak i medisinar kan vere vanskeleg. Han  fortalde også om eit ynskje om å restaurere/opprette eit stellerom. Der han kunne vaske og bytte bandasje på pasientane utan å tenkje på at det kunne kome bakteriar i såret. Einar meddela at å restaurere eit slik rom ville koste ca.150.000 kroner.

Einar var også veldig ydmyk og takk for at me har tillit til arbeidet. Han sa også at ting tar lengre tid her ut enn det ville gjort heima. Han synast også at det var spesielt og fint at ein så stor gjeng hadde lyst til å kome heilt til Hagere Mariam, hans andre heim.  


Dag 8-10: Tuuut! -og køyr heimover! 

Dei neste dagane var prega av mykje køyring, med eit overnattings stopp i Hawasa på Lewi resort. Det var som å komme på eit 10 stjerners hotell i forhold til det med hadde budd på i sør. Det som har vore mest spesielt med å køyre rundt i dette landet har vore at folk og spesielt born kjem springane ut i frå jordhyttene sine for å vinke til oss. Dei smilar og ser så glade ut. Har til tider følt oss som reine kongefølge der me har såtte å helst/vinka til born og vaksne som me har køyrd forbi. Noko som går igjen blant alle borna, som eg synast har vore litt morsomt er at alle borna ropar «oyoyoy» når dei ser oss. Dette fører til ein enorm oppmerksamheit når me kjem   køyrande.  Dagen etter køyrde me vidare til Addis. På veg nordover stoppa me igjen ved Langanosjøen på Sabana resort, og dei som ville fekk ta seg ein dukkert. Sjøen var heilt brun/rosa som kom frå at den var full av alge. Så dei seier at viss du bader i sjøen blir du 5 år yngre. Det var ikkje noko for meg, då eg er ein person som må sjå bunnen der eg badar, men eg vassa litt så beina mine blei mykje og fine. På hotellet i Addis hadde me Etiopisk aften der me åt injera wott, der me satt 5 stykker rundt same «fat» og åt. Ein spesiell opplevelse. Laurdagen var prega av shopping, og med avreise om kvelden.

No er eg kome heimatt, og har med meg mange opplevelsar, inntrykk og kanskje eit krypdyr eller to i kofferten. Dette er ein tur eg kjem til å hugse resten av livet. Det som har sett mest spor er blant anna kor enkelt dei bur, at ein ser dyr og menneskjer over alt, fælt å sjå kor store kontrastane er mellom rik og fattig, kvinner og born som arbeider mens mennene slapper av, smilande born ved utdeling av bamsar og æresbevisning i Hagere Mariam trur eg er noko av det som eg kjem til å hugse best. 


2024 © Fusa frivilligsentral