Senioruniversitetet haust 2020
Her finn du informasjon og program om senioruniversitetet i FusaForedrag i Fjorden arena kl. 11 – 13:
Tysdag 25. august- Jimmy Næs: Kåseri om Olav H. Hauge
Tysdag 29.september- Rune Mjanger: God psykisk og fysisk alderdom
Tysdag 27.oktober- Thor Øivind Jensen: Maten og ansvar for klimaet
Tysdag 24.november- Annbjørg Håland Riise: Juletradisjonar
VELKOMEN!
Fusa senioruniversitet er ein sjølvstendig ideell organisasjon. Aktivitetane inneheld årleg organisering av fire forelesingar om hausten og fire - fem forelesingar om våren. Dei som ynskjer å støtta aktivitetane, vert oppfordra til å bli medlem. Dei får rabatt på forelesingar. Også ikkje-medlemer kan delta i aktivitetane. Medlemskontingent: - kr. 300,- per år Billettpris: - kr. 50,- per forelesing for medlemer, - kr. 150,- per forelesing for ikkje-medlemer.
Grasrotandelen ved tipping Du kan støtte ditt senioruniversitet dersom du tippar. Skriv vårt foretaksnummer ved tipping: 997405722. Då går 5% av din innsats til Fusa senioruniversitet. Norsk Tipping Spelarkort må takast med ved registrering hos ein av Norsk Tippings mange kommisjonærar.
Vel møtt!
Sjå også link til Hordaland Senioruniversitet.
Del på:
-
"Bli kjend med Fusa"
"Bli kjend med Fusa", er eit samarbeid med flyktningtenesta, kulturkontoret og frivilligsentralen i Fusa. Det er eit tre vekers innhaldsrikt program. Her får våre nye landsmenn sjå og møte natur, kultur og næringsliv i Fusa. Dei vil treffe menneske som vil komme til å bety noko for dei i skule, arbeid og i fritid. Dette tiltaket er ein stor dugnad. Det er mange frivillige som bidreg og mange bedrifter gir av si tid uten å ta betalt. Me starta dette i 2015.
-
Aktivitetar
-
Bruktbuo
-
Ferieklubb 2020
-
Flaskepanting