-
Bli Frivillig i Fusa
Me ønsker fleire frivillige ved Fusa Frivilligsentral - har du lyst til å bidra med litt av tida di? På frivilligsentralen her i Fusa driv me med mange aktivitetar - og me har for tida behov for fleire frivillige. Alle våre aktivitetar er avhengige av frivillige sin tilstedeværelse og hjelp. Tar du kontakt med oss, kan vi i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved vår sentral. Det er viktig for oss at du trivst med det du gjer som frivillig - uansett interesser. Hugs også at det er opp til deg kor mykje og kor ofte du vil bidra - du skal ikkje vere redd for å bli for bunde til noko.
Del på:
Flere nyheter
-
Årsmelding for Foreininga Bruktbuo 2024
Foreininga Bruktbuo si årsmelding for 2024