Fusa Senioruniversitet: vårtur 2026 Vårtur til Osterøy 26. mai 2026 I år går turen til Osterøy. Ei øy alle har hatt i sidesynet på veg til bydn, men som mange knapt nok har sett sine bein på. Det kan det bli ei ordning på no. Me har sett saman eit program som byr på mykje av det Osterøy har å by på, frå tresko til øl! I tillegg vil me ha med oss eigen guide på heile turen, så me kjem til å bli godt kjent med Osterøy.
Reisebrev frå Etiopia 2018 Mitt navn er Victoria Tverli Dale 26 år og er i frå Fusa kommune. Eg arbeider som dagleg leiar i frå Fusa frivilligsentral og har aldri vore i Etiopia før! Frivilligsentralen driv ein bruktbutikk med navnet Bruktbuo. Bruktbuo blir drevet av frivillige. Det me sitt igjen med av overskot gjer me til to formål, halvparten går til Barne -og ungdomsarbeidet til Fusa sokneråd, og den andre halvdelen til Childres burn & wound care foundarion. Det utgjer cirka ei støtte på 60.000 i året til kvart av formåla. I tillegg til å ta i mot og selgje brukte varer i butikken gjer dei frivillige også andre ting. Blant anna stikka strikketøy til eit sjukehus i Ginir i Etiopia, er med å arrangerer Walk and run i samarbeid med Fusa Sokn, samt syr og strikker gevinstar frå restegarn/halvferdig håndarbeid slik at me kan lage basar til inntekt til CBWCF. I fjor var første gang me arrangerte basar, og då fekk me inn heile 90.000 kroner, noko me i Bruktbuo er veldig stolte av å ha fått til i "vetle" Fusa. Me er no i desse dagar på tur til Etiopia med Fusa sokneråd, me er heldige å ha med oss tidlegare misjonærar Jorunn og Osvald Hindenes som turleiarar. Dei har god kjennskap til både folket, språket og kulturen i Etiopia. Me skal reise rundt å sjå oss om i Addis Abeba, og deretter reise videre sørover heilt ned til Hagere Maryam. Der skal me få sjå den nye brannskadde avdelinga som Dr. Einar Eriksen og CBWCF har stått i spissen for å få til. Eg gler meg til å få sjå med eigne auge kva me er med å støttar ,samt få kjenne Etiopialivet på kroppen!
Senioruniversitetet Her finn du informasjon og program om senioruniversitetet i Fusa. Her finn du vårprogram:
Styret for frivilligsentralen Styret består av 4 medlemmer for soknerådet, 2 medlemmer for dei frivillige, 1 medlem for kommunen. Bildet er frå første møte med nytt styre 08.06.2015.