Ledig stilling i Fusa Frivilligsentral 11.05.26: Ledig stilling Vikariat som dagleg leiar i 100% stilling i Fusa frivilligsentral
Fusa senioruniversitet: Vårtur 27.04.26: Vårtur til Osterøy 26. mai 2026 I år går turen til Osterøy. Ei øy alle har hatt i sidesynet på veg til bydn, men som mange knapt nok har sett sine bein på. Det kan det bli ei ordning på no. Me har sett saman eit program som byr på mykje av det Osterøy har å by på, frå tresko til øl! I tillegg vil me ha med oss eigen guide på heile turen, så me kjem til å bli godt kjent med Osterøy.
Fusa Frivilligsentral søkjer etter Ferieklubbassistentar for sommaren 2025 07.04.25: Fusa frivilligsentral søkjer etter 6-7 ferieklubbassistentar i veke 26 og 27 i sommar. Ferieklubbben er eit ferietilbod for born frå 1.-6. klasse. Me finn på ulike aktivitetar som leik i fleirbrukshall, trampolinepark, badeland, uteaktivitetar, samt mykje meir.
Bli Frivillig i Fusa 25.03.25: Me ønsker fleire frivillige ved Fusa Frivilligsentral - har du lyst til å bidra med litt av tida di? På frivilligsentralen her i Fusa driv me med mange aktivitetar - og me har for tida behov for fleire frivillige. Alle våre aktivitetar er avhengige av frivillige sin tilstedeværelse og hjelp. Tar du kontakt med oss, kan vi i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved vår sentral. Det er viktig for oss at du trivst med det du gjer som frivillig - uansett interesser. Hugs også at det er opp til deg kor mykje og kor ofte du vil bidra - du skal ikkje vere redd for å bli for bunde til noko.
Årsmøtesaker for Foreininga Bruktbuo 07.03.25: Velkommen til årsmøte i Fjord`n Arena torsdag 13. mars kl. 16.30
Årsmøte Fusa Frivilligsentral og Foreininga Bruktbuo 13. mars kl. 16.30 03.03.25: Velkommen til Årsmøte
Ledig stilling Vikariat som dagleg leiar i 100% stilling 20.02.25: LEDIG STILLING Vikariat som dagleg leiar i 100% stilling Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd v/Fusa sokn har ledig vikariat for 1 – 2 år som dagleg leiar for Fusa frivilligsentral. Sjå full utlysing på www.kyrkja.no/fusa eller www.fusa.frivilligsentral.no Søknadsfrist 16.03.2025