Nyheter
Kva skjer ?
| Dato | Kl. | Tittel | Sted |
|---|---|---|---|
| Søn 10.05 | Påmeldingsfrist ferieklubb | ||
| Ons 13.05 | 10:00 | Ut i naturen! -alltid på ein onsdag | Oppmøte Fjord`n nærsenter |
| Ons 13.05 | 14:30 | BUA Bjørnafjorden: Eikelandsosen | BUA Eikelandsosen / Fjorden Arena |
| Ons 13.05 | 14:30 | Open Hall for ungdom | Fjord'n Arena |
| Ons 20.05 | 10:00 | Ut i naturen! -alltid på ein onsdag | Oppmøte Fjord`n nærsenter |
Velkommen til oss
Fusa Frivilligsentral skal vera ein møteplass og brubyggjar mellom menneske i Fusabygdene, frivillige organisasjonar og det offentlege.
Frivilligsentralen er eit kontaktpunkt og bindeledd mellom menneske som ynskjer å yta ubetalt innsats i nærmiljøet og for personar som ynskjer å ta i mot ein slik innsats.
Me skal skape møte mellom menneske!
Følg oss gjerne på facebook. Der er me ivrigare til å leggje ut frivillige oppdrag og aktivitetar som frivilligsentralen er i regi av.
Ynskjer du å bli frivillig eller har lyst å høyre meir om tilbodet vårt? Ta gjerne kontakt med oss for ein uformell prat. Du finn oss på Fjord`n senter i 2.etg. Du kan også nå oss på 56580114
VELKOMMEN!
Aktiviteter
Her finner du litt informasjon om hovudaktivitetane våre.
Informasjon og påmelding til årets ferieklubb finn du her
Les merVårtur til Osterøy 26. mai 2026 I år går turen til Osterøy. Ei øy alle har hatt i sidesynet på veg til bydn, men som mange knapt nok har sett sine bein på. Det kan det bli ei ordning på no. Me har sett saman eit program som byr på mykje av det Osterøy har å by på, frå tresko til øl! I tillegg vil me ha med oss eigen guide på heile turen, så me kjem til å bli godt kjent med Osterøy.
Les merTorsdagskafè i "Søre Fusa"
Les merGratis tilbod for ungdom 13-19 år i Fjorden arena. Kl.14:30-16:30, kvar onsdag.
Les merMitt navn er Victoria Tverli Dale 26 år og er i frå Fusa kommune. Eg arbeider som dagleg leiar i frå Fusa frivilligsentral og har aldri vore i Etiopia før! Frivilligsentralen driv ein bruktbutikk med navnet Bruktbuo. Bruktbuo blir drevet av frivillige. Det me sitt igjen med av overskot gjer me til to formål, halvparten går til Barne -og ungdomsarbeidet til Fusa sokneråd, og den andre halvdelen til Childres burn & wound care foundarion. Det utgjer cirka ei støtte på 60.000 i året til kvart av formåla. I tillegg til å ta i mot og selgje brukte varer i butikken gjer dei frivillige også andre ting. Blant anna stikka strikketøy til eit sjukehus i Ginir i Etiopia, er med å arrangerer Walk and run i samarbeid med Fusa Sokn, samt syr og strikker gevinstar frå restegarn/halvferdig håndarbeid slik at me kan lage basar til inntekt til CBWCF. I fjor var første gang me arrangerte basar, og då fekk me inn heile 90.000 kroner, noko me i Bruktbuo er veldig stolte av å ha fått til i "vetle" Fusa. Me er no i desse dagar på tur til Etiopia med Fusa sokneråd, me er heldige å ha med oss tidlegare misjonærar Jorunn og Osvald Hindenes som turleiarar. Dei har god kjennskap til både folket, språket og kulturen i Etiopia. Me skal reise rundt å sjå oss om i Addis Abeba, og deretter reise videre sørover heilt ned til Hagere Maryam. Der skal me få sjå den nye brannskadde avdelinga som Dr. Einar Eriksen og CBWCF har stått i spissen for å få til. Eg gler meg til å få sjå med eigne auge kva me er med å støttar ,samt få kjenne Etiopialivet på kroppen!
Les merHer finn du informasjon og program om senioruniversitetet i Fusa. Her finn du vårprogram:
Les merStyret består av 4 medlemmer for soknerådet, 2 medlemmer for dei frivillige, 1 medlem for kommunen. Bildet er frå første møte med nytt styre 08.06.2015.
Les merKvart år er Fusa frivilligsentral med å arrangerer og organiserer Tv-akjsonen i Fusa
Les merBli frivillig
Vi trenger deg som frivillig og alle kan bidra med noe. Si fra her hvis du vil være frivillig, så tar vi kontakt og finner sammen med deg noe du har lyst til å være med på.
Om oss
Ta kontakt eller kom innom for en prat om hva vi kan gjøre for deg og hva du kan gjøre for andre.