Velkommen til oss
Fusa Frivilligsentral skal vera ein møteplass og brubyggjar mellom menneske i Fusabygdene, Frivillige organisasjonar og det offentlege. Frivilligsentralen er eit kontaktpunkt og bindeledd mellom menneske som ynskjer å yta ubetalt innsats i nærmiljøet og for personar som ynskjer å ta i mot ein slik innsats.
Me skal skape møte mellom menneske!
Følg oss gjerne på facebook og instagram. Der er me ivrigare til å leggje ut frivillige oppdrag og aktivitetar som frivilligsentralen er i regi av.
Ynskjer du å bli frivillig eller har lyst å høyre meir om tilbodet vårt?
Ta gjerne kontakt med oss for ein uformell prat.
Du finn oss på Fjord`n senter i 2.etg.
Du kan også nå oss på 56580114 eller 90918735.
VELKOMMEN!
Aktiviteter
Her finner du litt informasjon om hovudaktivitetane våre.
Bruktbutikken vår Bruktbuo er open tordag - laurdag! Velkommen innom!
Les merInformasjon og påmelding til årets ferieklubb finn du her :-)
Les merVelkommen til juletrefest fredag 29.desember i Eikelandsosen samfunnshus, klokka 18-20. Gratis arrangement som er ope for alle! Velkommen.
Les merTorsdagskafè i "Søre Fusa"
Les merMe søkjer etter ferieklubbassistentar for sommaren 2024
Les merEit tilbod til deg som ynskjer å bli tryggare i den digitale verda! Ta kontakt med oss for oppdatert tilbod!
Les merGratis tilbod for ungdom 13-19 år i Fjorden arena. Kl.14:30-16:30, kvar onsdag.
Les merMitt navn er Victoria Tverli Dale 26 år og er i frå Fusa kommune. Eg arbeider som dagleg leiar i frå Fusa frivilligsentral og har aldri vore i Etiopia før! Frivilligsentralen driv ein bruktbutikk med navnet Bruktbuo. Bruktbuo blir drevet av frivillige. Det me sitt igjen med av overskot gjer me til to formål, halvparten går til Barne -og ungdomsarbeidet til Fusa sokneråd, og den andre halvdelen til Childres burn & wound care foundarion. Det utgjer cirka ei støtte på 60.000 i året til kvart av formåla. I tillegg til å ta i mot og selgje brukte varer i butikken gjer dei frivillige også andre ting. Blant anna stikka strikketøy til eit sjukehus i Ginir i Etiopia, er med å arrangerer Walk and run i samarbeid med Fusa Sokn, samt syr og strikker gevinstar frå restegarn/halvferdig håndarbeid slik at me kan lage basar til inntekt til CBWCF. I fjor var første gang me arrangerte basar, og då fekk me inn heile 90.000 kroner, noko me i Bruktbuo er veldig stolte av å ha fått til i "vetle" Fusa. Me er no i desse dagar på tur til Etiopia med Fusa sokneråd, me er heldige å ha med oss tidlegare misjonærar Jorunn og Osvald Hindenes som turleiarar. Dei har god kjennskap til både folket, språket og kulturen i Etiopia. Me skal reise rundt å sjå oss om i Addis Abeba, og deretter reise videre sørover heilt ned til Hagere Maryam. Der skal me få sjå den nye brannskadde avdelinga som Dr. Einar Eriksen og CBWCF har stått i spissen for å få til. Eg gler meg til å få sjå med eigne auge kva me er med å støttar ,samt få kjenne Etiopialivet på kroppen!
Les merRusleturar er for tida sett på pause, men kan starte oppatt på kort varsel om det er ønskjeleg.
Les merNyheter
Bli frivillig
Om oss
Ta kontakt eller kom innom for en prat om hva vi kan gjøre for deg og hva du kan gjøre for andre.