-
Ledig stilling i Fusa Frivilligsentral
Ledig stilling Vikariat som dagleg leiar i 100% stilling i Fusa frivilligsentral
Bli Frivillig i Fusa
Me ønsker fleire frivillige ved Fusa Frivilligsentral - har du lyst til å bidra med litt av tida di? På frivilligsentralen her i Fusa driv me med mange aktivitetar - og me har for tida behov for fleire frivillige. Alle våre aktivitetar er avhengige av frivillige sin tilstedeværelse og hjelp. Tar du kontakt med oss, kan vi i samråd med deg finne ut korleis du kan bidra ved vår sentral. Det er viktig for oss at du trivst med det du gjer som frivillig - uansett interesser. Hugs også at det er opp til deg kor mykje og kor ofte du vil bidra - du skal ikkje vere redd for å bli for bunde til noko.Del på:
-
Fusa senioruniversitet: Vårtur
Vårtur til Osterøy 26. mai 2026 I år går turen til Osterøy. Ei øy alle har hatt i sidesynet på veg til bydn, men som mange knapt nok har sett sine bein på. Det kan det bli ei ordning på no. Me har sett saman eit program som byr på mykje av det Osterøy har å by på, frå tresko til øl! I tillegg vil me ha med oss eigen guide på heile turen, så me kjem til å bli godt kjent med Osterøy.