Frivilligpris 2018
Fusa frivilligsentral vil markera Den Internasjonale Frivillighetsdagen, den 5. desember, med ein fest og utdeling av frivilligpris 2018.
Frivilligsentralen inviterer alle og einkvar til å koma med framlegg til kandidatar.
Kven fortener ei god takk, ein pris, heider og ære for sin ubetalte innsats for medmenneske? Enkeltpersonar, lag, grupper og frivillige organisjonar kan bli nominerte.
Styret i frivilligsentralen er jury.
Framlegg til kandidatar må vera skriftleg og begrunna, innan 1.november.
Sendast til: Frivilligsentralen@fusa.kommune.no eller til postboks 73, 5649 Eikelandsosen.
Meir informasjon om frivilligfesten 5.desember skal koma etter kvart.