Ynskjer frivillige

Ynskjer frivillige

Dei frivillige er i alle aldrar og med vidt forskjellig bakgrunn. Kva du som frivillig vil gjera, det veit du best sjølv.
Døme på oppgåver:

  • Besøksven
  • Turven
  • Kjentmann i skog og fjell
  • Medarbeider i Bruktbuo
  • Medhjelper i sommerprogram for flyktningar
  • Flaskepantarar hos Frank Mohn Fusa AS
  • Å gå på kino/teater eller lignande med nokon
  • Praktiske oppgåver som t.d. lett hagestell eller handlehjelp, m.m.
  • Underhaldning på institusjonar e.l.
  • Følgjehjelp til sjukehus, lege, frisøren, banken eller lignande.
  • Og mykje meir

Denne lista endrar seg fort. Kontakt oss gjerne for meir informasjon om kva frivillige aktivitetar me har.

Mange oppgåver

Alle som er engasjerte av frivilligsentralen jobbar frivillig. Difor kan me IKKJE garantera at alle får den hjelpa dei ber om. Men me garanterar at me skal gjere så godt me kan. Husk at dei frivillige er vanlege menneskjer som ikkje nødvendigvis har kompetanse på det dei skal hjelpa med.

Enkelte oppgåver som kan utgjera ein fare for dei frivillige, må me desverre seia nei til. T.d. å klatre høgt opp under eit møne eller opp på  tak, og lignande.

Alt utstyr som den frivillige må bruka, må brukaren sjølv skaffa.

Teiesplikt

Alle dei frivillige er underlagt teieplikt.

Målgruppe

Alle innbyggjarar som ynskjer den hjelp/samarbeid som frivilligsentralen kan tilby.

 

frivillig-illustrasjon
Flere dokumenter
2024 © Fusa frivilligsentral