Flaskepanting

FLASKEPANTING - FOR MILJØET!

  • Har du lyst til å panta flasker med oss?


Sidan hausten 2007 har Fusa frivilligsentral panta flasker hos verksemda Frank Mohn Fusa AS. Med jamne mellomrom har ei gruppe frivillige samla inn og sortert flaskene som blir i rest frå arrangement og arbeidarane i bedrifta.

Flaskene blir levert til panting. Det er ei god inntektskjelde for sentralen som går til drivt av både til dømes kafear, open hall og ferieklubb.

Kontoret til frivilligsentralen organiserer innsamlinga. Kvar gong trengst fire-fem personar! Det er ein sosial samlingsplass med mykje godt humør rundt brusflaskesekkane!  Elevgruppa frå Innsats frå andre, ved Fusa ungdomsskule er og gode hjelparar på panting!

Det var verksemda som i 2007 tok kontakt og tilbaud flaskene til frivilligsentralen.

2026 © Fusa frivilligsentral