"Bli kjend med Fusa" "Bli kjend med Fusa", er eit samarbeid med flyktningtenesta, kulturkontoret og frivilligsentralen i Fusa. Det er eit tre vekers innhaldsrikt program. Her får våre nye landsmenn sjå og møte natur, kultur og næringsliv i Fusa. Dei vil treffe menneske som vil komme til å bety noko for dei i skule, arbeid og i fritid. Dette tiltaket er ein stor dugnad. Det er mange frivillige som bidreg og mange bedrifter gir av si tid uten å ta betalt. Me starta dette i 2015.
Reisebrev frå Etiopia 2018 Mitt navn er Victoria Tverli Dale 26 år og er i frå Fusa kommune. Eg arbeider som dagleg leiar i frå Fusa frivilligsentral og har aldri vore i Etiopia før! Frivilligsentralen driv ein bruktbutikk med navnet Bruktbuo. Bruktbuo blir drevet av frivillige. Det me sitt igjen med av overskot gjer me til to formål, halvparten går til Barne -og ungdomsarbeidet til Fusa sokneråd, og den andre halvdelen til Childres burn & wound care foundarion. Det utgjer cirka ei støtte på 60.000 i året til kvart av formåla. I tillegg til å ta i mot og selgje brukte varer i butikken gjer dei frivillige også andre ting. Blant anna stikka strikketøy til eit sjukehus i Ginir i Etiopia, er med å arrangerer Walk and run i samarbeid med Fusa Sokn, samt syr og strikker gevinstar frå restegarn/halvferdig håndarbeid slik at me kan lage basar til inntekt til CBWCF. I fjor var første gang me arrangerte basar, og då fekk me inn heile 90.000 kroner, noko me i Bruktbuo er veldig stolte av å ha fått til i "vetle" Fusa. Me er no i desse dagar på tur til Etiopia med Fusa sokneråd, me er heldige å ha med oss tidlegare misjonærar Jorunn og Osvald Hindenes som turleiarar. Dei har god kjennskap til både folket, språket og kulturen i Etiopia. Me skal reise rundt å sjå oss om i Addis Abeba, og deretter reise videre sørover heilt ned til Hagere Maryam. Der skal me få sjå den nye brannskadde avdelinga som Dr. Einar Eriksen og CBWCF har stått i spissen for å få til. Eg gler meg til å få sjå med eigne auge kva me er med å støttar ,samt få kjenne Etiopialivet på kroppen!
Styret for frivilligsentralen Styret består av 4 medlemmer for soknerådet, 2 medlemmer for dei frivillige, 1 medlem for kommunen. Bildet er frå første møte med nytt styre 08.06.2015, der Terje Søraas også var med, vår tidligare styreleiar. Me takkar han, og han deler nokre av sine erfaringar.
TV-aksjonen Bilde frå TV-aksjonen 2017 god tellehjelp i Sparebanken Vest. I år gjekk innsamlinga til UNICEF sitt arbeid for utdanning til born i krisramma områder.
UT I NATUREN Fusa frivilligsentral arrangerar kvar vår og haust faste onsdagsturar rundt om i kommunen vår. Det er frivillige vegvisarar. Dette førar til at ein lettare kan bli kjend med nye turar og folk rundt i kommunen vår. Det er alltid oppmøte og samkjøring frå fjord `n senter klokka 10.00. Ein kan også sjølvsagt møte på oppmøteplassen, der turen går i frå.