Flaskepanting

FLASKEPANTING - FOR MILJØET!

  • Har du lyst til å panta flasker med oss?


Sidan hausten 2007 har Fusa frivilligsentral panta flasker hos verksemda Frank Mohn Fusa AS. Med jamne mellomrom har ei gruppe frivillige samla inn og sortert flaskene som arbeidarane kjøper på ein flaskeautomat - og så kastar frå seg.

Flaskene blir levert til panting. Det er ei god inntektskjelde for sentralen.


Kontoret til frivilligsentralen organiserer innsamlinga. Kvar gong trengst fire-fem personar! Det er ein sosial samlingsplass med mykje godt humør rundt brusflaskesekkane! 


Så fint for miljøet at desse flaskene blir gjenbrukte og ikkje kasta i søpla! 


Det var verksemda som i 2007 tok kontakt og tilbaud flaskene til frivilligsentralen. 

2024 © Fusa frivilligsentral