Kafe og sosiale treffpunkt
Internasjonal kafè på Fusa bibliotek. Dett er eit samarbeid med Flyktningstenesta, Fusa bibliotek, frivillige organisasjoner i Fusa og Fusa frivilligsentral. Målet er å samle innflyttarar med internasjonal bakgrunn og norske fusingar, slik at me kan bli kjent med kvarandre. Me har hatt markering av FN-dagar som Morsmålsdag 21.februar og Verdens dag mot rasisme og Verden poesi dag 21.mars, FN-dag 24.oktober. Det er fellesbord med medbrakt mat, og det har blitt forskjellig spennande smakar. Eit arrangement ope for alle og gratis, sjå annonse i avisa og facebook.
Fusa frivilligsentral har etablert eit sosialt treff på Eikovda, på fellesstova for bebuarar og pesjonistar i nabolaget. Siden hausten 2013 har 2-3 frivillige hatt ansvar for "kaffikos og prat" 2 onsdagar i månaden. Det ligg i ordet, men det viktigaste er, møte mellom menneske! 15-20 deltakarar møter opp kvar gong. Det er utruleg koseleg, eit uformelt treff. Dette blir puplisert ved hjelp av plakatar på Eikhovda.
Ta kontakt med frivilligsentralen v/Victoria Dale ved spørsmål.
Frå 2015 har Bruktbuo hatt kundefri dagar, der frivillige medarbeidarar kan kome saman til sosialt treff og ulike aktivitetar som strikk, vev, pynting, rydding.
Me har også hatt vev-kurs i Bruktbuo, veve filleryer av oppklippa stoff i Bruktbuo
Velkommen også til alle dykk som lurer på kva dette er, og som kanskje har lyst å bli frivillig medarbeidar i Bruktbuo/frivilligsentralen.
Torsdagskafè i søre Fusa frå klokka 14.00-16.00, siste torsdag i månaden i ulike bygdehus i søre Fusa. Her er det kaffi, noko godt å bita i, part sang og litt musikk. Dette blir publisert på facebook og plakatar i bygdene. Datoane for hausten 2019 er:
30. januar - Nordtveit skule (musikkgruppa Sardinen Singers blir med oss).
27. februar -Breidablikk i Sævareid
26.mars - Helsetunet på Baldersheim.
Kr 50 pr. person, ope for alle mellom 0-100 år, velkommen!!
Del på:
-
"Bli kjend med Fusa"
"Bli kjend med Fusa", er eit samarbeid med flyktningtenesta, kulturkontoret og frivilligsentralen i Fusa. Det er eit tre vekers innhaldsrikt program. Her får våre nye landsmenn sjå og møte natur, kultur og næringsliv i Fusa. Dei vil treffe menneske som vil komme til å bety noko for dei i skule, arbeid og i fritid. Dette tiltaket er ein stor dugnad. Det er mange frivillige som bidreg og mange bedrifter gir av si tid uten å ta betalt. Me starta dette i 2015.
-
Aktivitetar
-
Bruktbuo
-
Ferieklubb 2020
-
Flaskepanting