TV-aksjonen

Bilde frå TV-aksjonen 2017 god tellehjelp i Sparebanken Vest. I år gjekk innsamlinga til UNICEF sitt arbeid for utdanning til born i krisramma områder.

TV-aksjon

Tv-aksjonen 2017 gjekk til UNICEF og deira arbeid med å skaffe utdanning til born i krigsramma land. Det blei arrangert Quizkveld på Bruktbuo til inntekt til Tv-aksjonen. Ein skule i Fusa gjennomførte også skuleløp. Det gjekk ut på at borna samla inn sponsorar (foreldre, besteforeldre, onklar og tanter) som skulle sponse dei for per runde dei sprang. Det var eit flott arrangement med god oppmerka løyper, med ein speaker, mat og drikkestasjon. Borna sprang/samla inn over 20.000 kroner!! Eit kjempeflott resultat. Tusen hjarteleg takk til alle som bidrog, både som bøssebærar og givar! 

TV-aksjonen 2016 gjekk til Røde Kors "Sammen får vi hjelpen helt frem", sjå blimed.no. Fusa frivilligsentral koordinerer aksjonen i Fusa og spiller på lag med Røde Kors i Fusa og Hordaland. Lokale folk med breitt nettverk er med i komiteen. Ein syrisk familie som bur i Eikelandsosen vil vere TV-aksjonen sitt ansikt utad. Dei har kjent krigen på kroppen, og er opptekne av lokalt engasjement.

 

TV-aksjonen 2015 gjekk til REGNSKOGFONDET, sjå link blimed.no.

Fusa frivilligsentral har også i år ansvar for TV-aksjonen i Fusa, og har fått oppretta komitè med gode folk. Det er friluftsår i år, og me vil utfordre dei ulike turlaga/friluftslaga/4H, til å vere med som bøsseberarar! Me satser også på ein felles aktivitet som vil setje fokus på TV-aksjonen og natur og klima. Her vil alle kunne bidra!!

"Ut på tur i Fusa til inntekt for TV-aksjonen" blei ein kjekk aksjon som engasjerte næringsliv og folk i Fusa. 7 turmål, og 1017 navn i turbøkene frå 1.-15.oktober. Dette gav ei inntekt på kr 56 000. Bøsseaksjonen gav kr 125 000. Totalt gav Fusa kr 214,668 til regnskogfondet. Ein stor dugnad med eit flott resultat. Tusen takk til alle som bidrog!

TV-aksjonen 19.oktober 2014 "Vann forandrer alt" Kirkens Nødhjelp
(les meir om TV-aksjonen på www.blimed.no) .
Fusa frivilligsentral har ansvar å organisere akjonen i Fusa, og treng
60 bøsseberarar tilsaman rundt om i bygdene. Meld deg hos oss hvis
du kan ta eit tak søndag ettermiddag 19.oktober!

TIRSDAG 14.OKTOBER KL 16 PÅ LEIRO: HOPP I FJORDEN MED LIV GRETE
og sjå fleire fusakjendisar hoppa til inntekt for TV-aksjonen!!!
VER MED Å BY PÅ HOPPARANE!!!!



Fusa frivilligsentral vil takka alle som trødde til på aksjonsdagen
19.oktober 2014 "Vatn endrar alt". Tusen Takk alle saman!
Det blei eit fantastisk resultat, bøssene gav kr 173.510, Hopp i fjorden gav            kr 41.600, Fusa kommune kr 10.000. Statisitkken viste til slutt at me var nr 7 i Hordaland og 54 i kommuneoversikten, og kr 71 pr innbyggjar.





www.blimed.no

2020 © Fusa frivilligsentral